Search blogs.no

  • Sauer, ull og hyrding

    I kveld var det Bjørgulv T. Berg som hadde sendinga i Valle Radio. Han tok over for meg då eg fekk influensa og måtte kaste inn handkleet. I den aktuelle timen snakka han fyrst med Torleiv Jore, som var travelt oppteken med lemming. Han meinte at ein måtte ha tre lam under ein sau, det burde vere det normale. Han hadde og erfaring for at om ein sløkte lyset i sauefjoset om natta, så kom det ikkje lam om natta, så han hadde slutta å sove i sauefjoset i lemmetida.

    Deretter hadde Bjørgulv Annemor Sundbø på tråden. Ho feirar jubileum i desse dagar, laurdag er det ope hus på Ose, Coop Marked Ose står for serveringa, for dei feirar og 20 år i ny butikk. Annemor på Ose Ullvare held til i den gamle Coop-butikken på Ose, og laurdag opnar ho biblioteket sitt så folk kan sjå oppskrifter og mønsterbøker. Utstillinga av votter og kofter er og oppe, og om ein ikkje er nøgd med serveringa på Coop, kan ein gå på Turistheimen.

    Annemor var særleg oppteken av den gamle norske spelsauen, perspektivet hennar var at det einaste ein har att frå vikingtida, er ull frå denne sauen, laga til klede eller til segl. Det skulle mykje ull til å lage segl til båtane, alt måtte spinnast av kvinner som valde ut den best eigna ulla til føremålet. Og det var på Uppstad denne sauen overlevde, utan at ein hadde teke vare på sauen der, ville sauen tilpassa norsk landskap gjennom 1000 år ikkje lenger vore ein del av norsk dyreliv.

    Endeleg snakka Bjørgulv med sokneprest Terje Seilskjær, som fungerer som prost og som har søkt på stillinga som er 50% og som no er ledig. Han fortalde kva stillinga inneber, mellom anna personalansvar for prestane i prostiet og oppgåver med å finne vikarar når nokon må ha fri av ein eller annnan grunn. Terje fortalde at han likte å vere leiar og hadde leiarerfaring frå fleire stillingar, mellom anna frå Søgne Kultursenter/Søgne Gamle Prestegard.

  • Program for veke 19, 2013

    Tysdag 7. mai
    Inga tysdagssending denne veka

    Onsdag 8. mai
    Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
    Teknikar: Liv Gunn Viki
    Telefonvakter frå klokka 20.30: Solveig Rysstad og Jorunn Helle

    18.00 Aktuell time
    19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
    19.30 Kommunen informerer ved Elise Marie Kringen
    20.00 Bjørgulvs time. Gjest: Fatima Aakhus
    21.00 Opi sending ved Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

    *Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
    *Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
    *Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
    *Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

  • Alle slags emosjonar

    Overskrifta er henta frå ein reklame på TV-kanalen Eurosport. Det vert litt til at ein ser ein del på TV når ein er sjuk, og Eurosport har hatt svært sjåarvennlege program dei siste par vekene for oss som likar å sjå snooker på TV. I går og i dag/kveld var det finale, og vinnaren vart den som etter kvart peika seg ut som den beste gjennom turneringa, Ronnie O'Sullivan, men taparen Barry Hawkins var i grunnen ein vinnar, han og. Det var første gongen han var komen forbi innleiingsrunden i turneringa og han heldt fylgje med vinnaren ganske lenge.

    I helga starta så Giro d'Italia, så no er det sykling som gjeld. Frå i morgon er det full fart på landevegen etter at dei har gjort unna eit par kjedelege tempoetappar i helga. Der er det dramatikk, velt, folkefest og innspurtar kvar einaste dag, så ein har mykje å sjå fram til.

    Attpåtil var det Start-kamp på TV i kveld, den enda med uavgjort mellom Molde og heimelaget, og kjenslene var nok sterkaste hos Moldefolka, dei ligg på sisteplass på tabellen. Nyopprykka Start held koken så langt.

    Når det høver slik, prøver eg å få med meg ein film på Filmkanalen. Der finn ein og alle slags emosjonar. Og om eg kjem meg opp til klokka sju om morgonen, får eg med meg En engel i blant oss, der prøver serieskaparen å seie noko om Guds gjerning i ei verd der det gode ikkje alltid er så lett å sjå. Det vert emosjonar av slikt og.

    Endeleg er det ein amerikansk serie om folk som driv slektsgransking. Den går måndagskveldane og handla i kveld om ein 5 x tippoldefar, ein tysk soldat som kjempa for engelskmennene i frigjeringskrigen då USA reiv seg laus. Han fekk amnesti og vart verande i USA. Den serien gjev historieundervisning og emosjonar i rikt mål.

  • Den opplyste borger

    I vår tid melder fleire og fleire seg på i samfunnsdebatten. Alle er kanskje ikkje einige i den påstanden, men eg meiner no det. For ein som skal fylgje med, kan det vere greitt å vite kven folk er som ein les eit innlegg av i VG, Dagbladet, Fædrelandsvennen eller Setesdølen. Ja, sjølv skribentane i Jol i Setesdal kan det vere interessant å få vite noko om.

    Dei fyrste utgåvene av Jol i Setesdal hadde biografiske opplysningar om dei som skreiv. Sidan har desse falle ut, eg synest vel ikkje at det har vore med å gjere heftet betre. Avisene har sjeldan særleg forfattarinformasjon på folk som skriv lesarinnlegg, litt meir om dei skriv kronikkar. Men ein må over lang tid byggje seg opp eit inntrykk av folk som tek del i samfunnsdebatten, som oftast utan å finne informasjon om dei nokon stad.

    Difor var det ein revolusjon då Internett kom og ein etter kvart kunne finne mykje informasjon der. Då dette vart sett i system med leksikonet Wikipedia, vart tilhøva mykje lettare for dei som leita etter slik informasjon. Her i landet kom informasjon frå bøker og papirleksikon av ymse art til nytte, og den informasjonen tok eldsjeler til å omforme til biografiske tekstar på Wikipedia.

    Men nettleksikonet har hatt ein politikk om at folk som skal vere omtalte, må vere meir enn lokalt interessante. Difor er det mest bare ordførarar og varaordførarar frå ei bygd som kjem med, om ein då ikkje har kunstnarlege publikasjonar av noko slag. Kronikkskribentar og lesarbrevforfattarar har ikkje fått plass i eit slikt nasjonalt leksikon.

    Difor har Setesdalswiki teke med mykje breiare når ein skal lage biografiar. På den nettstaden er det nok at vedkomande har ein funksjon i lokalmiljøet i Setesdal eller ein relasjon til dalen. Dei fleste som er med i Valle Radio har til dømes fått små artiklar i det lokale leksikonet.

    På Wikipedia slit ein med å finne stoff til artiklar om nasjonalt kjende folk, anten dei er med i offentleg debatt eller på annan måte har stukke hovudet litt fram. Men det veks litt kvar dag, folk likar å lese små biografiar om folk som er aktive i samfunnsdebatten. Det er ei nisje for stoff som Wikipedia dekker godt, og med Internett er stoffet tilgjengeleg på mobiltelefon eller nettbrett ved nokre få tastetrykk.

  • Oppstått

    Sjølv om eg no ikkje er heilt utslått lenger, er eg slakk og kjem ikkje til å ha sending i Valle Radio komande veke. Tysdagssendinga går ut, men Bjørgulv tek over onsdagssendinga. I timen mellom 20 og 21 hadde eg avtalt med Fatima Aakhus frå Bygland om å kome i studio og fortelje om bygdekvinnelagsarbeid, ho er fylkesleiar for Aust-Agder. Den avtalen går Bjørgulv inn i. Gled dykk til å høyre ei dugande dame fortelje om kva ho er engasjert i.

    Etter kvart fekk eg skrive inn fredagsavisa på Setesdalswiki og fekk vedlikehalde datoartiklane der. Eg lurer av og til på om folk trur det er bare eg som har lov å skrive på Setesdalswiki. Då kan eg jo avkrefte det her direkte. Og det hadde jo vore fint om nokon andre skreiv når ein stakkar vart sjuk. Heldigvis skreiv Reidar T. ein artikkel i den perioden, så heilt stille vart det ikkje, men det var nære på. http://www.setesdalswiki.no/wiki/%C3%85rstala_ved_Stigemo Flotte bilete hadde han og i den artikkelen, utan hans bidrag hadde Setesdalswiki vore mykje fattigare på innhald.

    Men alle er velkomne til å bli med. Trykk på rediger-knappen og skriv ei linje eller tre.

  • Utslått

    Tysdag 30. april måtte eg til legen og få pencillin. Eg hadde fått feber, eg hosta og lungene mine verka ikkje gode. Sjølv om dei ikkje var heilt ille endå, fekk eg det, den hyggelege turnuskandidaten Emma kunne få ein sjukling frisk med sitt vennlege vesen. Eg avlyste sendinga i radioen den kvelden, litt surt etter at eg dagen før hadde sendt inn programmet til avisa, men då var eg bare litt slapp.

    Så vart det inga sending 30. april og 1. mai, eg hadde planlagt å vere teknikar 1. mai og å sende eit opptak frå kommunestyremøtet i april. I staden vart det penicilling og horisontalen i senga. Om morgonen 1. mai kom eg meg etter kvart i gang og fekk stabla meg i bilen. Med fleire stopp undervegs kom eg meg heim til Mandal utpå dagen. Der bar det rett i seng, utslått.

    Ingen blogg tysdag, heller ikkje onsdag og torsdag. Også Setesdalswiki har fått leve utan mine artiklar nokre dagar. Men i kveld kjenner eg meg litt betre, så eg skriv nokre linjer på bloggen. Då kan i alle fall de som les blogge, vite grunnen til at det ikkje har kome noko på stader der eg til vanleg skriv noko kvar einaste dag.

    Det må vel snart betre seg.

  • Program for veke 18, 2013

    Denne veka er ei av vekene der det blir endringar, for 1. mai fell på ein onsdag. Det var ikkje sett opp noka sending 1. mai, dagen er jo rød, men det blir altså sending likevel. Ikkje vanleg onsdagssending, men kommunestyremøtet frå sist veke, som bare vart streama over Internett, kjem i reprise på vanleg sendetid. Sist torsdag kunne Valle Radio ikkje sende noko til vanlege radioar, for Bykle Radio overførte kommunestyremøte i Bykle. Dermed gjekk Valle kommunestyre sitt møte bare på Internett. No får ein altså høyre det på FM onsdagskvelden. Om det blir noko meir enn overføring av kommunestyremøtet denne kvelden kjem an på om nokon har noko dei vil ha med på radio denne veka. Det er ope for kven som helst å ta kontakt om dei vil på lufta 1. mai.

    Tysdagskvelden får eit normalt program denne veka.

    Tysdag 30. april

    Ansvarleg: Harald Haugland

    18.00 Kvarteret
    18.15 Over ein open Bibel
    18.30 Aktuell halvtime
    19.00 Sangkveld
    20.00 Møteplassen
    20.30 Postludium ved Harald Haugland
    21.00 Kyrkjebakken

    Onsdag 1. mai

    Ansvarleg: Harald Haugland

    18.00 Kommunestyremøteoverføring frå 24. april 2013

    Gode lenker
    *Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
    *Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
    *Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
    *Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

  • Aktuelle saker

    Av og til skulle eg ønske at vi hadde radio kvar dag, slik at vi kunne følgje opp aktuelle saker. Torsdag kveld var det biljakt der politiet stoppa ein bil med spikermatt ved Esso-stasjonen på Hornnes. Fædrelandsvennen som kjem ut kvar dag, hadde oppslag om det i nettavisa si fredag. Saka rakk ikkje fredagsavisa, og ho var vel for gammal for laurdagsavisa, den har eg forresten ikkje sett enno. Her er lenke til saka hos Fævennen, den var ikkje låst då eg var innom: http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/Bil-stoppet-med-spikermatte-etter-biljakt-2399987.html#.UX2ACLV7JXk

    Neste Setesdølen kjem til tysdag, då er nok saka for gammal, ho er i alle fall ikkje aktuell, for dei to som sat i bilen er pågripne og sit truleg i fengsel når Setesdølen kjem ut.

    Nå kan ein jo diskutere om Valle Radio skal ha slike saker. Men hendingar i lokalmiljøet bør jo dokumenterast ein stad, og når vi sender til heile Setesdal, kunne dokumentasjonen skjedd hos oss.

    Eg opplever nok at vi ikkje er rekna særleg med hos folk som har aktuelle saker å berette om. Det er som oftast slik at vi som har ansvaret for kvelden, må leite etter sakene og prøve å overtyde folk om at det er bryet verd å kome i Valle Radio og dele dei med omverda. Mange gonger skulle eg ønske at det var ein full postkasse av saker som vi kunne arbeide med når vi skal ha sending, men det er det jo aldri. Som oftast ligg det bare nokre generelle pressemeldingar i innboksen, lite å lage lokalradio på.

    I kveld vil eg takke dykk som tek kontakt med Valle Radio når de har aktuelle saker de vil dele med lyttarane. Det er kjærkome for oss programleiarar.

  • Verneverdiar

    I siste kommunestyremøte løyvde kommunestyret 100.000 kroner til eit prosjekt for kartlegging av verneverdiar knytt til botanikk og kulturlandskap i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Det er store verneverdiar i området, men dei er lite kartlagde. Det er heller ingen samordna strategi for å ta vare på og skjøtte desse verdiane. Prosjektet som det no vart løyvd pengar til skal dokumentere desse verdiane slik at den nye forvaltningsplanen kan ta omsyn til dei. Ein skal kartlegge naturtypar som slåttemark, slåttemyr og haustingsskog.

    Arbeidet skal gjerast i feltsesongane 2013 og 2013. Det skal leverast rapportar for arbeidet innan 1. desember kvart år. Ein skal prioritere fem tiltak i kvar kommune, Bykle, Valle og Bygland. Ein skal og kartlegge verneverdiar knytt opp mot bygningar og bygningsmiljø, noko som fell inn under arbeidsområdet til fylkeskonservatoren.

    I planen Et godt varp heiter det:

    Gårdene i Setesdal har en særegen tunstruktur. Tettheten av kulturhistorisk verdifulle bygninger i et kulturlandskap med stor tidsdybde, gjør at dalen har en rekke nasjonalt viktige kulturmiljø. Det er behov for å få kartlagt disse. Gårdsanleggene med hus og innmark er kulturmiljøer som har vært i kontinuerlig utvikling siden middelalder.

    Høyt tempo knyttet til utbygging og utvikling av fritidsbebyggelse i regionen, legger press på kulturminner i dalen. Den eldre bebyggelsen er truet fra flere hold. På den ene siden er verdifulle bygninger er truet av riving og flytting. Flytting av bygninger ut av landsdelen, forekommer i mindre grad enn tidligere, men fortsatt er det aktuelle problemstillinger knyttet til flytting av loft og andre bygninger internt i landsdelen. På den andre siden er det mange konsesjonspliktige eiendommer i Setesdal som ikke er i bruk, og hvor husene står tomme store deler av året.

    Driftsendringer og nedleggelser av bruk/fraflytting truer både kulturlandskapet og husene. Erfaring og statistikk viser at bygninger som brukes, blir ivaretatt, mens de som står tomme, forfaller. Istandsetting og tilpassning til dagens krav er en særlig aktuell problemstilling for våningshusene, som er bolighuset på gården, og slik sett tunets hjerte.

    Det er behov for bevisstgjøring knyttet til de nasjonale kulturminneverdiene i Setesdal. Dette gjelder i særlig grad politikere og kommune, men også eiere og allmennhet. Det er behov for en kartlegging av verdifulle kulturmiljø i dalen.

  • Utsikt frå Pernille kafe

    I dag fekk eg vindusbord på Pernille kafe på Evje. Det var hønsefrikassé på menyen i dag i tillegg til kjøtkaker, lapskaus og ertesuppe. Eg valde det første og fekk ein god porsjon.

    Når ein får vindusbord ein fredag, ser ein kor travelt det er på Evje. Bilar kjem og køyrer, i dag var og motorsyklar ute og lufta seg, det skulle visst vere treff på Kilefjorden. Mange kristiansandarar stoppar, eg trur i alle fall det var det. Nokre går på Polet, andre på Rimi. Apotek og blomebutikkar er og populære ein fredagsettermiddag med solskin. Nokre har stø kurs mot Pernille og får seg middag eller ein kaffekopp.

    Det er mange folk som er ute ein fredag. Evje er ein levande handlestad. Denne dagen sat eg heilt aleine, ingen kjende var innom den tida eg sat der. På nabobordet sat nokre postfolk, dei kjende naturleg nok fleire enn eg. Det verkar som om dei kjem her kvar fredag. Deira kommentarar om det dei såg ute på plassen var interessante å få med seg.

    Då eg vel var komen ut att, møtte eg byklefolk. Dei studerte menyen og let til å meine at biffsnadder kunne vere god fredagsmat. Sjølv var eg innom Rimi og fekk meg noko frukt eg kunne ha i helga, litt fersk lettsalta fisk var og fristande. Så gjekk ferda nedover dalen medan stor trafikk kom i mot meg. Vinterfinale på Hovden trekkjer mange oppover. God helg.

Calendar
<< < May 2013 > >>
Mo Tu We Th Fr Sa Su
1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31
Email subscription

You can receive the posts of this blog by email.

Footer:

The content of this website belongs to a private person, blogs.no is not responsible for the content of this website.