I kveld hadde eg Opi sending i Valle Radio. Eg var litt utanfor i høve til at det var eg som skulle ha det i kveld, så eg laga rebusane med utgangspunkt i Setesdølen for i går. Når ein går gjennom Setesdølen litt grundig, finn ein meir interessant enn ein skulle tru.

I denne avisa, som var nr. 19 for 2011, var det oppslag om både vipe, kråke og stare. Dermed fekk eg høve til å bruke cd-platene med fuglelydar som vi har i radioen. Liv-Gunn fann dei fort og greitt, og fuglelydar skaper vårleg stemning, i alle fall lyden av vipe og stare. Verre er det med kråkelyden, eg tenkte litt på om eg skulle hatt kråkevisa, men droppa den. Tone Åmlid Haugeland svara på den rebusen, for det fekk ho seg ein ryggsekk, og ho var sporty nok til å vere med då eg tok ein telefon til Ragnar Aspholm, som har søkt Valle kommune om tilskot til å lage kråkefeller. Han fortalde at kråkefeller er store bur, 3x3x4 meter, av netting med tak som går nedover, slik at kråkene spaserer ned for å ete av åtet som er lagt i fella. Men dei kjem ikkje opp att, og kan dermed takast av dage. Tone var enig i at det kunne vere lurt å redusere talet på kråker, om ho ikkje hadde fått kråkeskit i hovudet, så hadde det nok kome på klede.

Dei andre vinnarane av premiar var Torbjørg Harstad, som fekk kruset, Johanna Solheim, Kari Tveit, Gyro Uppstad og Torhild Lunden. Gratulerer!

I samtalane med dei som ringde inn, fekk eg ein trivele prat med Anne Lise Harstad. Ho lærte å rydde på den brutale måten, då ho tømde huset i Valle før ho flytta til ein mindre leilighet på Rysstad. Mannen hennar hadde samla på mykje, men når ein skal over i ein mindre leilighet, må ein vere brutal, sa ho, så ho hadde alt kasta gårsdagens Setesdølen. Eg fekk då fortelje at eg har spart opp heile siste årgangen av avisa i samband med at eg skriv inn overskriftene på Setesdalswiki. No er det bare tre aviser som manglar av 2010-årgangen. Dei har Siri Johannessen lova å skrive inn, slik at årgangen blir komplett. Då får 2010-årgangen av Setesdølen ein fin nettbasert indeks som kan brukast om ein vil sjekke noko av stoffet: fyrst finn ein avisa det stod i ved å søkje på Setesdalswiki, så kan ein gå til den aktuelle avisa og lese kva som stod i den artikkelen.

I utgangspunktet var eg litt utanfor, men då kvelden var over, var eg glad for ein triveleg kveld i Opi sending-studioet. God hjelp av Liv-Gunn Viki og Kåre Rike ved teknikarbordet og Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen ved telefonane. Anna og Bjørg Ragnhild stod og for pizza, den smakte særs godt med ein nydeleg rømmedressing til.

Og ikkje lenge etter at sendinga var slutt, hadde Britta Lise lagt ut vinnarane på Facebooksida til Valle Radio. Ho hadde også lagt ut informasjon om Opi sending tidlegare på kvelden, og då kom det liker-melding frå Ørnulf Hasla, Siri Johannessen, Torhill Bjørgum Åkre, Beathe Ribe Uppstad, Wenche Lillian Foss og Hege Haugen. (Ingen av dei ringde inn, det var 46 telefonar til dei ti rebusane, så telefonvaktene hadde det ikkje så veldig travelt.) Men dei likte programmet likevel. Eg kan ikkje anna enn å seie takk for i kveld.